tirsdag 5. januar 2010

Året 2009 !

-----
Året 2009. Kjære dykk!



Nå er det igjen tid å sjå attende på eit år. Og me skal få senda helsing til jul og nyttår til folk me kjenner meir eller mindre. For ein kristen er kvart år eit nådeår. Me har ikkje fortent noko, for me er syndarar og strevar med oss sjølve og veit så vel: me skulle vore mykje betre, gjort meir for andre og særleg for Gud. Når me likevel lever, er det nåde og gave og alt for inkje av ein heilag Allmektig Gud.



Difor vil me takka for alt.



Året byrja med arbeidarmøtet på Solgry, slik det er vanleg i misjonen. Det var T. Fremmegård som var talar i år. Han er kjend frå Fjellheim bibelskule og eg har møtt han før. Og han hadde gode timar for oss. Rett før arbeidarmøtet hadde eg fått telefon frå gen.sekr. i Kristen Muslimmisjon om eg kunne tala på Rådsmøtet i august i år. Eg ba om utsetjing med svaret då, men svara ja til ein time noko seinare.



20. jan. vart Barak Obama innsett som president i USA og alle er spente på korleis det vil gå. Kva får han til, som andre ikkje har gjort? Det kan berre tida vise.



Den siste dagen i jan. sovna Margit (svigermor) inn i Jesu namn. Ho hadde ynskt det lenge og var trøytt av denne verda. Men me trur ho gjekk trygt heim til Gud. Det er godt når me har slike minne og tankar. Dagen etter var det årsmøte på Nordbø bedehus der eg hadde andakt ut frå Ef. 2, 8. Fredag 6. febr. vart Margit gravlagd, og me fekk eit fint minnesamvær der s.prest Styve var med.



Elles gjekk vinteren roleg og stille, eg hadde lite møte i år. Det blir nok slik framover, tenkjer eg. Men i mars hadde eg ei veke på Sagvåg (som vikar for ein som var oppteken). Og i den veka fekk eg telefon om eg ville ta eit oppdrag med omsetjing frå engelsk til norsk av delar av ein bibelkommentar. Etter litt tenketid tok eg fatt på det og omsette ein del gjennom sumaren og hausten. Veka før Sagvåg hadde me hatt arbeidsfolk som fiksa stova og litt seinare bytte dei alle glas i stova. Dette var eit heilt arbeid som eg ikkje kunne gjera åleine.



Påskedagane var eg i Skjoldastraumen og tala der. I siste del av mai var eg så med på ein hjelpesendingstur til Russland saman med St. Harila. Eg køyrde til Sauda, sette bilen der og fylgde Nils Sundvoll til Kristiansand der me overnatta hjå bror hans. Det var ei stor oppleving å vera med på denne turen. Me køyrde neste dag til Sverige, overnatta i Karlstad og vidare til Stockholm neste dag. Det meste av tida i Russland var me i Vyborg og andre stader ikring der. Men me var også til St. Petersburg. Eg skal ikkje gå inn i detaljar der. Me var på barneheimar, fengsel, kyrkjer og rehabiliteringsheim for narkomane. Det var gode møte der mange ba om hjelp og forbøn. Berre Gud veit kva frukter det vert av det. Eg var heime att pinseaftan.



I juli fekk me vera med på Lundeneset att der eg tala om Abraham. Fredag hadde me tur til Vikedal, mest opp til Roalkvam. Me var innom museet og elles fortalde eg litt frå bygda mi. Etter ei veke fri gjekk turen vidare til Tonstadli der eg tala saman med m.a. Asker Jensen. Og 15. aug. tala eg på KM sitt Rådsmøte på Karmøy.



I sept. hadde eg så 6 bibeltimar på Sør-Karmøy ut frå Nehemjas bok, fordelt på 3 kveldar. Det har og vore spreidde møte elles i året.



Men 10. sept. reiste Bjørg og eg med SI-bussen til Beitostølen. Både denne og Russlandturen betalte eg med reisestipend frå NFFO, slik at det vart gratisturar i år også. På same tid var det 30-års-jubileum for SI-reiser. Det var ein fin tur med god avslapping. Veka etter hadde eg møteveke i Øvre Vats og Blikra.



Så lei det fram mot 21. nov. og eg skulle få feira heile 75 år på denne jorda. Det er rett og slett eit under. Eg hadde aldri trutt at eg skulle bli så gamal, eldre enn både mor og far. Men det rår me ikkje med sjølve. Så samla me nokre få av slekta og litt til i stova vår her på Bø søndag 22. Bjørg stelte til mykje for oss då.



Bjørg har fylgt meg trufast dette året også. Ho opplevde at mora døydde tidleg på året. Men ho var over 90 år. Ho går framleis i foreining, er med i barnelaget på Nordbø og er med på mange av mine møte rundt i bygdene. Me kan berre takka Gud for at me har det så godt og trygt i livet. Ho har jobba ein del på Solgry og kvar tredje tysdag er ho på Gjenbruksbutikken i Åkra + nokre ”ekstravakter”. Så legg me alt i Hans hender for framtids dagar.



- 40 dagar etter at barnet var fødd, reiste Josef og Maria og barnet til Jerusalem for å ofra etter lova. Dei var fattige folk og hadde ikkje råd til å kjøpa eit lam. Difor ofra dei duer, som dei hadde lov til etter lova. 3. Mos. 12, 6ff. Her ser me kor fint Herren tar seg av dei fattige i det religiøse. I Jerusalem budde Simeon, ein gamal truande mann. Anden hadde sagt til han at han ikkje skulle døy før han hadde sett Messias. Luk. 2, 25-30. Han skjøna nå at dette barnet var ”Den Salva”, tok det i armane sine og sa dei kjende orda: ”Nå let du tenaren din fara her ifrå i fred, etter ditt ord, for augo mine har sett di frelse,” v. 29f.



Lat dette òg vera ei påminning om grunnen til at me har jul: Jesus kom som frelsar, men me må ta imot han, ”sjå” han som gamle Simeon. – ”Jeg er så glad hver julekveld, for da ble Jesus født…”



God helsing til jul og nyttår, frå



Bjørg og Nils

Dybdal-Holthe.

Ingen kommentarer: