fredag 17. desember 2010

Året/Jul 2010.

Jul 2010

Ved juletid minner me om barnet i krybba, som det ikkje var rom for – og har det store ynskje om at han får rom hjå oss alle. Luk. 2, 7.

1. januar dette året kom med fint, kaldt vêr, men passeleg mildt. Og det heldt seg kaldt utover ei tid – med minus 10-12 grader. 8.-9. januar var me på Solgry på arbeidarmøtet, men me reiste heim lørdag kveld. Og så kom katastrofen på Haiti – somme stader må dei  tåla det utrulege, og her sit me og har det så godt. 31. jan. var det årsmøte på Nordbø med vanlege val og referat. I denne tida var det mykje snø og me måtte måka mest kvar dag.

7. febr. hadde må så 100-års fest på Nordbø bedehus med mykje folk, prestar og prost og ordførar var med og helsa. Eg fekk gå gjennom bedehuset si soge i hovudtrekk, både i krig og fred. 10.-12. f. var eg i Førde på møteveke og 17-21 hadde eg møteveke på Stangeland der det var godt å vera. 16. febr. var \nokre av oss samla på Misjonshuset i Haugesund og samtala om organiseringa av arbeidet etter det nye mønsteret med region. Det blir spanande korleis det vil gå i praksis.

Det vart noko mildare utover nå, men med meir snø. I mars var eg i Uskedal 10-14 på møteveke, og då var Bjørg med. Søndag var det føremiddagsmøte og me reiste heim etterpå. Veka etter var eg på Madla og var oppe hjå Ola på laurdag. Eg var nok stressa denne tida og sleit med møta, sjølv om det var bra med folk og godt å tala.

I påskeveka var eg på Meling skjærtorsdag og langfredag der det var godt å vera. Søndag etter påske og søndagen deretter var eg på Betania i Haugesund. Me var også på fest på Solgry 8. april og tok avskjed med Geirmund og Anne Kari. Same dag bytte eg forresten til sommardekk.

15. april kom så skya frå Island inn over Noreg. Vulkanen har verkeleg vist krefter dette året. Halve Europa er lamma og få fly kan gå. Heile tida har Bjørg vore flittig på Gjenbruken i Åkra og selt brukte ting ved sida av at ho steller her heime, er med i barnelaget og hjelper der nokon treng henne. Eg reiste til Sandvoll i veke 16, 22.-25. april. Der var det godt å vera.

13. mai var det Kristi himmelfartsdag og Espen Ottosen tala på Stemnestaden. Mykje folk. Søndagen etter tala Jostein Skartveit på Nordbø. I pinsehelga tala eg på Vea på 1. og 2. dag, og veka etter reiste Bjørg til Holmavatn på kvinnemøte. 9. juni var eg i Tysværvåg på møte, og laurdag 12. gifte Karl Didrik og Tone seg og feira det i Midvik der me og var. Han er son til bror til Bjørg. Må Gud velsigne heimen. Ein barnedåp var det og i familien.

I veke 27, juli, var me på Tonstadli der eg hadde 5 timar, mest frå Galaterbrevet. 16. juli feira me gullbryllaup enkelt her heime med nokre få. Resten utset me til seinare i haust. 17. august henta eg forresten ny bil. 29. august feira Betania, Haugesund, 100 års dag der Erik Furnes tala og ordførar Steen var med. Eg hadde ei lita orientering om dei 100 åra.

4. sept. Var Bjørg 70 år og me feira det saman med gull på Helselagshuset i Torvastad med ein del gjester. Det var ein milepel i livet vårt. Veka etter reiste eg til Husnes på møter. Me var og i 80-års dag til Bjørg sin onkel, Johan Medhaug. I oktober hadde eg møteveke på Stangeland der eg tykkjer det er godt. Elles har eg hatt lite møte denne hausten. Det vart eit møte på Vea og eit på Sandve.

- Så ynskjer me alle god jul og takkar for det gamle året med bøn om fred i det neste. Vår Gud styrer med alt, og me må bøya oss for han. Tenk om folket vårt lærte det!

Beste helsing
Bjørg og Nils.