tirsdag 13. desember 2011

Jul 2011.


Jul 2011.
Eit år er snart gått – me skal berre feira jul først og så nokre avslutnings-
dagar før me stig inn i 2012. Me skal ikkje gå gjennom heile dette året
slik me opplevde det. Men me vil peika på nokre spesielle dagar og avsnitt
i livet. I januar var me på nokre møte, både i Betania, Haugesund, arbeidar-
møtet på Solgry og mannsmøte same stad. Vidare utover vinter og vår tala
eg på nokre møte.


Første helga i mars var eg på møte på Voster, ein stad eg ikkje hadde vore før. Då tok eg buss og båt. Helga etter fekk eg vera med på årsmøte til Samemisjonen i Vigrestad på laurdag og møte på Kverneland søndag. Begge stader var det mykje folk og godt. 20. mars byrja dei å bomba Libya, og den krigen vart lenger enn me hadde tenkt, kanskje. Opprør i den arabiske verda har elles prega dette året. Mykje blod har runne. I påsken tala eg to dagar i Skjoldastraumen. Bjørg har vore fleire gonger på Gjenbruken i Åkra og trivest der. Elles er ho ofte barnevakt og steller fint med mannen.

Den store turen for oss dette året var Sverige-Danmark-tur i juli. Det var ei god avslapping reint menneskeleg. Klaus Muff og Stackbom og frue var reiseleiarar, og turen gjekk med buss til Oslo der me overnatta på Holmenkollen hotell, og vidare til Karlstad og Ørebro. Den siste byen er Rolf St. sin heimstad. Her budde me på hotell vegg i vegg med Frelsesarameen. Der skulle me vera med på møte om kvelden 22. juli. Før me gjekk på møte, slo eg på TV og fekk nyheter direkte frå TV2 om Utøya og Oslo-katastrofen. Det var nok eit sjokk for mange av oss. Kunne det skje i Noreg? Ein svenske stod fram på TV og sa: Vi er alla nordmenn i dag! Og statsministeren i Sv. stod fram og sa: «Det er en ting å forstå det med hode, men noe helt annet å forstå det med hjertet.» Det fortel og litt om at dei var gripne og sorgtunge.

Laurdag reiste me så over brua frå Malmø til København og vidare til Falster og Lolland. Der var me i ein stor dyrepark og møtte Afrikas ville dyr, ein tur til Møns Klint og andre stader. Tirsdag gjekk me om bord og sov fram til Oslo. Heile tida har me fylgt med på TV om det som skjedde i Noreg. Det var mest som ein krig.

I september fekk eg ein ny tur til Danmark – med fly via Gardermoen til Billund i Danmark. Ein hente meg og køyrde til Herning, nord for flyplassen. Neste dag køyrde me så sør til Tønder, rett ved tyskegrensa. Her tala eg tre gonger denne helga både til danskar og nordmenn. Då måtte eg fint «knota» litt for at dei skulle skjøna språket. Og det takka dei mykje for.

Kort etter denne turen var eg og Jostein Skartveit på tre møte på Amland i Tysnes. Elles var den store saka for oss i haust at bedehuset Betania på Nordbø skulle selgjast. Det var ganske omfatande der me måtte nytta advokat og prest. Men det ordna seg fint til slutt, og nå har andre folk teke over. Denne jula skal me vera i Vikjo, hjå systerson til Bjørg.

Me har vore i fleire gravferder dette året. Det legg alvor over livet: Det skal ein dag ta slutt. Korleis går det då med oss? Bjørg og eg er glade for at me får leva i trua på Jesus Kristus som vår Frelsar. Han vil ta oss trygt heim til sin himmel. Det trur me på.

Ei god jul og godt nytt år ynskjer me alle, med god helsing med Mat. 1, 21,

Bjørg og Nils. Adr.: pb. 142,4299 Avaldsnes. ndholthe@tele2.no.