fredag 31. juli 2009

RUSSLAND

I mai fekk eg høve til å vera med på ein hjelpesendingstur til Russland - i regi av Hjelp til Russland. Det var spanande og interessant. Så vidt eg kunne sjå og skjøna er Russland blitt eit todelt samfunn m.o.t. økonomi og levestandard. Slik liknar det mykje på Vesten. I åndeleg mening er det truleg annleis.
.
Me var først i Vyborg, ein by som før krigen høyrde Finland til. (Eg har ikkje høve/tid til å skriva detaljert om alt her, men tek med nokre hovuddrag etter mine inntrykk.)
.
Me fekk vera med på fleire møte i ulike kyrkjesamfunn, både baptistar, pinsevener, lutherske og meir nøytrale som i fengsla, på barneheim og seinare på eit rehabiliteringssenter. Alle stader er inntrykket at det var stor hunger etter Guds ord og samvær med kristne frå Vesten. Dei fleste stader var det fulle møtesalar og ei uvanleg stille når Ordet vart forkynt.
.
Det var Steinar Harila som tala, men ordet vart gjeve fritt kvar gong med høve til vitnemål både fra dei russiske kristne og me som var tilreisande. Eg følte sjølv at folket nærast slukte Guds ord og det som vart sagt. Me hadde ein flink tolk til hjelp. Harila er ein god og dyktig vekkingstalar som hadde relevante tekstar og brukte enkle illustrasjonar som gjekk rett på sak. Og det bar frukt.
.
Me veit sjølvsagt ikkje kva som er ekte, men Gud ser det. Vår oppgåve er å forkynna og be folk å venda om. Fruktene er ved Anden. Og noko fall nok i god jord. Mange kom fram eller bad om forbøn. Eit slikt døme er vanskeleg å gløyma. Det var i eit fengsel, og ein fange i 20-åra stansa att og trong meir hjelp. Det herja andletet tala sitt eige språk. Den sterke guten kunne ikkje stansa gråten og hulkinga. Det var som han brast i stykker.
.
Eller møtet med "Invalideforbunder" - det var full kyrkje med dei svært fattige i byen. Mange var eldre folk, og dei hadde nok teke på seg det finaste dei hadde. Andre såg ut til å koma rett frå gata. Det var underleg å få vera med å be for dei nedover benkeradene. Anden var der. Me hadde eit åndeleg samfunn utan ord. Og det kan faktisk vera vel så godt som med mange ord.
.
Eg sa det var eit todelt samfunn. Det såg me kanskje best i St. Petersburg (den gamle Leningrad). På veg inn i byen var det ei mengd med store og vakre nye hus som i ein vestleg drabantby. Innimellom låg dei små og gamle nedslitne husa der mange vanlege menneske budde. Skiljet mellom rik og fattig er der som i vestlege land, men ei kort vitjing kan sjølvsagt ikkje klargjera det fullt ut. Og me vil ikkje gjera noko urett i dette.

Men mange treng hjelp. Det gjeld borna, dei fattige og rusmisbrukarar av ulike slag. Det var underleg å gå ikring i den tidlegare militærleiren sørvest for St.Petersburg og sjå gutar og jenter, menn og kvinner arbeida og streva med mange ting - både husdyr, sagbruk og verkstader. Og på møtet etterpå vitna fleire om overgangen frå vonløysa på gata til det nye livet med Jesus. Dei stråla og lyste av lukke og von - både for dette livet og den æva som ventar på oss alle-.

Me må bruka litt tid til å be for desse menneska - at Gud får bevara dei og bruka dei i si teneste for sitt eige folk. Amen.
NDH.